Anders Magne Flemmen
Erfaren gammal rev, som med sin rutine
har vist seg å vera svært så nyttig.
Dessverre har han no trekt seg tilbake
for å nyta pensjonisttilværelsen i fulle drag.

Men me får sikkert lokka han med på ein å annan kamp...

Tron "Trommelom" Haltvik.

Trakk seg etter få kampar første sesongen.
Synd, men vi kunne trengt deg, Tronaldo.
Du har framleis ikkje betald for deg,
så ikkje bli overraska om Espen Lie
kjem innom deg ein snartur.

Geir Ove "Goms" Medalen Sommernes
Geir Ove var den første som forlot laget for å bli "proff" i
Kristiansund. Det gikk ikkje lenge, så låg proffdraumen i grus.
Dermed kom han attende til klubben frå nærmiljøet.
Sjølv om det kunne væra svårt å få fri frå MRF.
Etter tilbakekomsten utmerka han seg med å ty
meir til kjeften enn før, så noko hadde profftilværelsen med seg.

Han har no vore sakna sidan 2004, da han fikk sparken fordi han
ikkje møtte opp til sesongoppkjøringa etter ferien.



Helge Dahlen
Lemmy var løpsvillig som få, og med ein kondis av stål, var han alltid farleg.
Om berre den forløsande pasninga kunne koma!
Samstundes var han kjent for eit vidt spekter av finter og dragninger.

Håvard Sørvik

Løste opp sjølv dei mest kompakte forsvar med sin presise pasningsfot.
Ei ruvande klippe i tospann med Rune. Særs morosame var duellane dei imillom på trening.

Knud Bragstad
Kom med på laget etter halvspela sesong i 1999, men viste seg å vera
den einaste som benytta innbyttar-moglegheitene til fulle.
Kom utpå banen og sprang som ein stukken gris.
Bytta og kvila seg, og utpå igjen. Andre har den uvanen at dei aldri går av

Kristian Harstad

Ville vel egentleg spela i angrep, men da Daga som regel legg beslag på
den plassen, sette vi han på høgrekanten. Ikkje at det spela så stor rolle,
han endte alltid opp heilt der framme likevel.

Benny Are Aasen
Slepen midtbanespelar. Benny Gullfot scora viktige mål i dei kampane han spela første
sesongen. Framleis vonar vi det skal bli fleire.



Bjarne Anker
Kom med på laget i juni 2009, og utmerka seg straks som eit forsvarsanker som me ikkje hadde sett sidan Anders Magnes glansdagar.
Med ro og kløkt glei han saumlaust inn i det allereie så kompakte Gagnat-forsvaret.

Espen Harstad
Var ei solid tilvekst på midtbanen med krempasningar, seige løp og duellstyrke, samt glasfot. Hadde gjort Lokomotivet nærast uslåeleg, hadde det ikkje vore for at føtene hans ikkje tålte å bli brukt.

Remy Hoem
Her hadde me enda ein hissig ein, som etter sin ankomst på laget imponerte som målvakt trass sitt ynskje om å spela som angripar.
I Remys første kamp stod både tigersprang, dribleraid, mål og gult kort på menyen.

Øystein Gagnat
Slepen midtbanespelar. Så langt det einaste utanlandske innslaget vi har hatt på
laget. Vi er ikkje heilt sikre på kor han kjem i frå, men møredego kan me
trygt kalla han i alle fall. Scora eit flott mål i debuten.