Tidlegare storscorar innhenta av alderdommen?

Som for resten av Lokomotiv-laget har årets sesong for spissen Dag så langt bestått av mange nedturar og få oppturar.

Ettersom scoringane har lete venta på seg i uvanleg høg grad for Dag,
har kritiske røyster i Lokomotiv-miljøet byrja undras om kanskje storheitstida er forbi.
Dag har knapt vist seg på scoringslista føre årets 7. kamp, der han riktignok viste glimt
av gamal glans da han med erfaring, plasseringsevne og presisjon putta fire mål.

Men det tydelegaste tegnet på at alderdommen kanskje til slutt har innhenta
storscoraren, er likevel det at lekamen ikkje verkar å vera like solid som tidlegare.
Eit stort antal strekkskadar har til nå i sesongen vore eit evig returnerande problem for
spissen. Ikkje ein kamp har så langt inneverande sesong gått til siste fløytesignal,
utan at spissen har kasta inn handklede først, eller fullført kampen sterkt redusert.
Legg vi godvilja til, kan vi vel seia at strekkproblema muligens kan vera delvis årsak til det magre antalet scoringar.

Det medisinske støtteapparatet har råda spissen på det sterkaste å benytta ei såkalt
Vulcan varmebukse for å få bukt med problema, noko han har vegra gjøra av ukjende
grunnar. Vi håpar på det sterkaste at fotballpausa på omlag to månader no skal gjera
at Dag får restituera seg tilstrekkeleg, slik at han kan fullføra haustsesongen med stil,
og forhåpentleg ta eit år til i Lokomotivdrakta. Kvile frå brå fotballbevegelsar, og eit utal
timar på sykkelsetet dei næraste vekene, vil forhåpentleg gjera at Dag slepp å ga inn i
ein halvvegs pensjonist-tilvære. Der han kun deltek i kamp om det er knakande
naudsynt på grunn av antalet spearar, slik Lokomotivs andre nestor, den jamnaldrande
Manka har gjort.

Om Lokomotivet mot formoding skulle måtte spela i lågste divisjon neste år,
er delar av spelargruppa redde for at motivasjonen til nestorane på laget ikkje skal vera
sterk nok, og at dei kanskje vel å trappa ned og ga over til oldboys-fotball istaden.