SKADEMARERITT!
Allereie før seristart er diverre Lokomotiv hardt råka av skadar.
Frå før av veit vi at Daga framleis slit med sin 3-årige lyskestrekk. Vulcan-buksa verkar heller ikkje å vera til stor hjelp lenger, og medisinsk avdeling vurderer visstnok å oppjustera diagnosen frå 3-årig til kronisk lyskestrekk.
I tillegg kom det igår kveld altså nedbrytande rapportar frå treningfeltet. Kjartan måtte avbryta treninga etter få minutt, med noko som verka å vere ein alvorleg skade.
Vi har fått høyra frå kilder nært laget, som var til stades og observerte treninga, at kjartan etter ein durabeleg dribleserie med eit utal kroppsfintar, vendingar, og rykk (utan nokon motspelarar i nærleiken), gikk ned for rekning med eit illevarslande vræl.
Ein hjernekirurg som tilfeldigvis var til stades, kunne etter få sekunds undersøkning, konkludera med "Achilles ruptur", altså ei revna akillessene.
Operasjon blei straks planlagt, og Kjartan fikk beskjed om å møta i dag tidleg på Molde sjukehus til operasjon, på fastande mage. Han fekk lånt seg eit par krykkjer av ein rullebrettkøyrar med skjermhuve, og var med relativt godt mot, bortsett frå det med fastinga.
Kirurgiske inngrep blei utført i dag, og vi ventar fortsatt på rapportar om operasjonen var vellukka. Uansett veit vi at ein slik skade, Kjartans alder og generelle fysiske tilstand teke i betraktning, fort kan verta karriere-truande.
Det er og indikasjonar etter årets skisesong, på at Stig på si side slit med alvorleg Hofte-dysplasi. Han har også fått seg valp, og blir difor neppe å rekna med i årets sesong.
Lagleiinga har difor sett det naudsynt å nedjustera sesongens målsetjing frå å unngå sisteplass, til enkelt og greitt; sisteplass.