Storscorar ute med skade:

Klubbens toppscorar gjennom tidene, Dag Andre Gagnat,
måtte avbryte treninga i helga på grunn av ein skade som
skulle visa seg å vera alvorlegare enn først frykta.
På sjukehuset vart det konstatert avreven akillessene.
Dermed ser det ut til at resten av sesongen går fløyten,
og Lokomotiv må greie seg utan ein særs viktig spelar.