Oppdateringar før sesongstart

Lokomotiv Gagnat kan med glede melda at klubbens nitidige og langvarige ungdomsatsing endeleg bær frukter. For første gong har ein ung spelar frå eige ungdomsakademi blitt henta opp i A-stallen. Bjørnar Gagnat, med tilnavnet Badass Björn (oversett;Dårlegbakende Bjørn), har i fleire sesongar vist stor iver på treningsfeltet, og har no utvikla god rekkjevidde og forbetra fysikk. Oppmannen vart etter sigande så imponert på ei trening før sesongoppkjøringa starta, at avgjerda vart teken der og da.
Vi gratulerer Bjørnen, og ynskjer han velkommen i A-stallen!

Dessverre må vi og melda om at det ikkje berre er solskinn i Lokomotiv-leiren. Den ufordrageleg oppsternasige og småfrekke Åsleif, som ved fleire høve har lefla med besk harselas angåande nestorane Dag og Manka sin alder og kroppslege helbred,er meld langtidskada. Hovmod står for fall, og no er Åsleif innhenta av karma såvel som alderdom. Heile førsesongen har gått i grøfta pga utslete S-forma ryggsøyle med isjias. Han har for tida totalt treningsforbud fra medisinsk avdeling, og sesongen står i fare. Prins Isjias uttalar i en kommentar at om ikkje ryggen er god til haustsesongen, så gjer han blanke fanden og risikerer heller eit liv som multihandikappa. Fotball ER livet.

Treningsapparatet ser og med bekymring på innsatsen til laget og dei enkelte i sesongoppkjøringa. Halvparten av spelarane har ikkje vore observert på trening eller i kontakt med ball ein einaste gong sidan siste seriekamp i fjor. Resten, som har trena eit par-tre gongar, kan vel heller ikkje kunne kallas atletar...

Og som om ikkje det var nok, har det i løpet av dei siste dagane spredd seg misnøye i visse delar av organisasjonen. Forviklingar og mislykka forsøk på å få tak i folk og stella i stand trening, har ført til at Kaftein Silver sitt gjengangarforslag om å ”legg ned Lokomotiv no” har vore lufta igjen. Oppmannen har gått riktig sur, og har uttala at han orkar ikkje meir og at han byrjar bli desillusjonert av heile greia. Han har sågar krevd å få sesongavgifta si betalt attende på bok. Vi vonar kasseraren fnys av kravet og snører pengesekken stramt igjen.

Men pessimisme til sides, vi satsar på at Lokomotivet ikkje sporar av, og at sesongen mot alle odds skal bli rigtig god !!