Seriemeisterskapet i 2 divisjon er sikra!

Lokomotiv Gagnat sikra i dag seriemeisterskapet i overlegen stil. 2 poeng på siste 2 kampar ville garantert 1. plassen, og med 6-2 siger over Fylkeshusa i nest siste kamp er altså foten sett grundig ned. Men Lokomotivet nektar å kvile på laubæra og feira noko som helst før jobben er fullført, på grundig vis! Med poengtap i kun 2 uavgjortkampar, er nemleg Lokomotiv så langt ubesigra, og neste mål er no å fullføra sesongen med den statistikken intakt. Så i siste serierunde om ei veke skal ALT ofras for å krona sesongen med ein storsiger.

Lagets to nestorar Daga og Manka valgte før sesongen litt overraskande å satse vidare med Lokomotiv framfor ein meir avslappande tilværelse med oldboysfotball, og dette er vi glade for i dag. Manka har hatt ei rekkje gode kampar i det siste, og vi kan vel trygt seia at han har forvist sin yngre bror Stig til benken for godt (Med moglegheit for innhopp om andedrettet til Manka skulle bli tungt utover i kampen).
Daga, på si side, hadde i dag ei skikkeleg utløsing med 4 mål, og kjem med det opp i 14 mål totalt. Det er det same som driblefantomet Tarjei, og tullingen Åsleif vakar straks bakom dei to med sine 12 mål. Dei tre har bomma om kapp gjennom heile sesongen så langt, og vi er usikre på kven vi ville satt pengar på i kampen om gullstøvelen.
Det einaste som er sikkert er vel at alle kjem til å bomma, også i siste kamp.