Endeleg sølv!

Sommaren 2003 var sesongen da Lokomotiv endeleg skaffa seg
gjevare metall enn bronse, og sikra seg sølv i den prestisjetunge
Sommarcupen, eller Bønnacupen som den no har skifta namn til.
Denne gongen var det heile tre påmeldte lag, så det seier seg
sjølv at det vart hard konkurranse om medaljane.
Den store taparen i turneringa vart Torpedo Fuglset,
som mislukkas i å fullføre målsetninga for jubileumsesongen,
nemleg å vinna alle turneringar dei deltok i.I Bønnacupen
vart det kanskje ein siger, men det skal ikkje takast for god fisk...