Lokomotiv tok bronse!

Gjengen frå Lokomotiv var sommaren 2001 med på ei sekslags
turnering. Dei andre laga som deltok var: Team Fuglset, Glamox,
Tornekrattet, Ergo og Securitas. Kampane gjekk på Kunstgrasbanen.
På grunn av at det var så få lag vart det spela serie,der alle møtte alle.
Finalen var mellom første og andre, bronsefinalen mellom tredje og
fjerdeplass. Etter sigrar over Glamox, Ergo og Securitas, vart det klart
for bronsefinale mellom Lokomotiv og Securitas.
Gagnat hadde ikkje trøbbel med å hale inn sigeren.
Jættesnygg pokal,
eller hur?